Kurs for utdanning av soppkontrollørar
Praktisk info
Fra: 20.05.2026 17:30
Til: 30.09.2026 23:59
Adresse: Ålesund, Norge
Forening: Sunnmøre sopp- og nyttevekstforening
Region: Møre og Romsdal
Pris fra: 2000 kr
Bestill / Meld på
Påmeldingsfrist: 19.05.2026 23:59
Vil du lære alle dei vanlegaste mat- og giftsoppene? Bli med på kurs!
Oppstart: 20. mai kl. 17.30 i Ålesund (endeleg stad kjem vi tilbake til). Det blir mogleg å delta digitalt.
Turane i skogen blir ulike stader på Sunnmøre, litt etter sesong og kven som er påmelde.
Hovudmålet er å lære alle artane, gruppene og slektene som er på pensum til prøva for soppkontrollørar. Du kan gå opp til prøva same haust, men mange brukar ein sesong til på å bli heilt trygg på soppane. Dei som står kan bli soppkontrollørar. Alle har nytte av kurset og du får uansett høve til å bli tryggare i soppskogen.
På kurset lærer du
- matsopp og bruk av desse
- giftsopp, soppgift og konsekvensar av å ete giftsopp
- alle artar, grupper og slekter (ca. 150 artar) på pensum, og å skilde dei frå kvarandre
Kursavgifta inkluderer
- kvelds- og dagsturar i skogen, ein teorikveld/oppstart på våren
- tilgang på nettkurset i teori for soppsakkyndige, inkludert Zoom-førelesingar direkte og i opptak
- kompendium (soppbok) for utdanning av soppsakkyndige
Kurset blir arrangert i samarbeid med Studieforbundet Natur & Miljø, og gjennomført etter studieplanen for utdanning av soppsakkyndige.
Kursavgifta er 3 000 kr. Viss du loggar deg inn som medlem så er prisen 2 000 kr. Medlemskap kostar ca. 500 kr. Du kan melde deg inn her.
Tidsplan for kurset er førebels slik, men avtalast mellom kursdeltakarane etter at kurset har byrja. Meld gjerne frå til kursleiar viss du ønskjer å endre datoane.
- 9. august
- 14., 15. og/eller 16. august
- 21., 22. og/eller 23. august
- 11., 12. og/eller 13. september
Alle får også høve til delta i førebuing (sanking og å sette opp utstilling) til ein soppkontroll/ ei utstilling som del av opplæringa.