Gratis soppkontroll i Borgundgavlen, Ålesund

Foto: Mari Valde Myklebust

Praktisk info

Dato: 30.08.26

Tidspunkt: 15:00 - 17:00

Adresse: Museumsvegen 12, 6015 Ålesund, Norge

Forening: Sunnmøre sopp- og nyttevekstforening

Region: Møre og Romsdal

Pris fra: Gratis

Hva skjer på soppkontroll?

Ledere

Velkomen til Borgundgavlen. Sopputstilling og soppkontroll.

Vi står frå 15.00 og så lenge det er interesse fram til 17.00.

Ta gjerne med sopp for kontroll.

  • Det er bra om du legg ulike soppar du ikkje veit kva er kvar for seg, gjerne i papirposer (smågodt, mjøl, brød) eller fruktbeger/jordbærkorger. Då er det meir sikkert at du ikkje blandar giftsopp og matsopp.
  • Sopp treng oksygen. Derfor bør du unngå å plukke i plastposer.

På soppkontroll finn du

  • utdanna soppkontrollør som kan kontrollere om soppen din er matsopp eller giftig
  • ei utstilling av sopp frå nærområdet
  • brosjyrer og informasjon om sopp, nyttevekster, artsmangfald, sanking og matlaging

NB! Arrangementet blir avlyst eller utsett viss det er særleg dårleg vêr eller soppsesong.

Soppkontrollar i Ålesund er i samarbeid med Viti (Sunnmøre museum). Soppens dag (søndag 6. september) samarbeider vi også med Kom deg ut-dagen og DNT Ålesund & Sunnmøre. Vi har i utgangspunktet soppkontrollar frå midten av august til midten av oktober kvart år.

Soppkontrollane i heile landet er støtta av Miljødirektoratet. Vi samarbeider også tett med Giftinformasjonssentralen (Folkehelseinstituttet).

Det er også faste soppkontrollar i Langevåg, Ørsta og Molde. Det er organiserte turar i Ålesundsområdet kvar onsdag, og kurs/kontrollar/turar andre stader ved særskilte arrangement. Følg med i kalenderen på soppognyttevekster.no. Vi har soppkontroll på nett/app, der utdanna soppkontrollørar kan godkjenne arter som er moglege å gjenkjenne på bilete.

Oppmøtedetaljer

Parker ved Sunnmøre museum. Vi står nedenfor hovudinngangen/kafeen.