Soppkurs. Påbygging (Ålesund/Sula)

soppkontroll-placeholder

Praktisk info

Fra: 24.08.2025 10:00

Til: 28.09.2025

Adresse: Langevåg, Norge

Forening: Sunnmøre sopp- og nyttevekstforening

Region: Møre og Romsdal

Pris fra: 700 kr

Bestill / Meld på

Dette er kurset for deg som har plukka sopp før, men vil lære meir!

Kursdatoar:

Søndag 24.8. og søndag 7.9. kl. 10–15
Ved behov skal vi sette opp en ekstra samling, trolig søndag 21.09.. Det blir avtalt separat.

 

Du får

  • tilgang på nettkurset (påbyggingskurs) for sopp
  • soppkurs ute på tur og i praksis

Plukkar du kantarell, piggsopp og steinsopp, men har lyst til å lære fleire artar? Då er dette kurset for deg. Kurset passar for deg som har gjennomført grunnkurs i sopp eller minikurs i sopp, men det er ikkje krav om å ha tatt soppkurs før, og det er enkelt å tilpasse seg ulike kunnskapsnivå undervegs.

Kurset passar også for dei som har planer om å ta Kurs for utdanning av soppsakkyndige seinare.

Det er medlemsrabatt på kursavgifta. Hugs å logge deg inn på sida for å få medlemsrabatt. Du kan melde deg inn her.

Kurssamlingar

Vi kjem attende til tid og stad for kvar samling nærmare kursstart.

Det er i tillegg ein stor fordel å møte opp på soppkontrollar utanfor hovudinngangen til Alti i Ørsta (ved Bunnpris) måndagar i soppsesongen.

Hugseliste

Soppkorg eller bærenett/ handlenett. Soppen må ha det luftig. Derfor plukkar vi ikkje sopp i plastposar, men i nett eller korger.
Liten kniv og mjuk tannbørste (eller soppkniv med børste)
Papirposar eller boksar til å sortere soppen i (dei må ha plass oppi nettet/ korga)
Noko å skrive på og med
Klede til å vere ute med uavhengig av vêret
Mat og drikke
Sopp du finn i hagen, skogen og andre stader før eller mellom kurskveldane/ dagane.
Soppbøker

Kursinnhald

Vi er så mykje ute i skogen som mogleg under kurset, og kurset varierer mellom demonstrasjon, bestemmelsesøvingar og at vi rett og slett går på sopptur.

Under kurset lærar du dei vanlegaste mat- og giftsoppane i vårt område, og får grundig kjennskap til dei viktigaste slektene av storsoppar og nøkkelkarakterar for fleire familiar og slekter.

Dette er eit kurs som blir arrangert i tråd med Lov om voksenopplæring og retningslinjene til Studieforbundet natur og miljø. Vi nyttar studieplanen 101 Sopp: Påbyggingskurs i soppkunnskap.

Anbefalte soppbøker

Til dette kurset anbefaler vi å ha ei godt oppdatert soppbok med fleire artar.
Kjøp gjerne kompendiet for soppsakkyndige.
Ei anna aktuell bok er Soppboka av Gro Gulden og Per Marstad.